VEDTEKTER
for
NORDMØRE
OG ROMSDAL GJETARHUNDLAG
(Etter
mønster frå Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag v/ Atle Arnesen, Syvde)
Stifta
på Hjelset 24. mai 2002
1.
FORMÅL Laget
skal stimulere til auke og betre bruk av gjetarhund ved mellom anna drive
informasjonsarbeid, arrangere kurs, treningar og gjetarhundprøver.
For dei lokale sau -og geitavlslaga som ønskjer det, kan laget ta
på seg ansvaret som gjetarhundnemnd. 2.
MEDLEMSKAP Alle
som er interesserte i gjetarhundarbeid, kan bli medlemar i laget.
Stemmerett har dei som har betalt medlemskontigent.
3. STYRET er
samansett av 5 personar. Leiaren blir valt særskilt på årsmøtet. Styret
konstituerar seg sjølv med nestleiar, kasserar, sekretær og styremedlem.
4. ÅRSMØTET
Skal
haldast innan utgangen av januar månad.
Saker som medlemane ønskjer å handsame
i årsmøtet må vere sendt styret innan utgangen av desember. Innkallinga
med saksliste skal sendast ut minst 10 dagar før møtet.
Årsmøtet
skal handsame følgjande saker: a)
Organisering av møtet. Val av møteleiar, sekretær og to til å
underteikne protokollen. b)
Årsmelding c)
Rekneskap d)
Fastsette årskontigenten e)
Val avstyre på 5 personar med: -
leiar for 1 år -
2 styremedlemar for 2 år -
3 varamedlemar i rekkjefølgje for 1 år -
1 revisor for 2 år f)
Innkomne saker g)
Arbeidsplan og budsjett for komande år
5. UNDERUTVAL,
KONTAKTPERSONAR Når
styret finn det tenleg, kan det oppnemne underutval som t.d.
kontaktpersonar, kvelpeformidlar, eller
til andre oppgåver. 6.
VEDTEKTSENDRING krev
2/3 fleirtal i årsmøtet og må vere nemnt i møteinnkallinga. Framlegg
til vedtektsendring må vere kome til styret innan utgangen av desember månad
for å kunne takast opp på komande årsmøtet. 7.
EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE kan
krevjast av eit fleirtal av styret eller minst 1/3 av medlemane. 8.
OPPLØYSING av
laget kan berre vedtakast av eit ordinært årsmøte og med 2/3 fleirtal.
Eventuelle verdiar som laget skal
overførast til gjetarhundnemnda under Møre og Romsdal sau- og
geitavlslag. 9.
GODKJENNING Desse
vedtektene vart godkjente på skipingsmøte 24.
05. 2002.
|
||||