-
på beite heile året -
Kort
historisk om sauerasen.
"Kjært
barn har mange namn" og denne sauen er nok eitt av dei.
Vi ser brukt Norsk ursau eller Vikingesau eller berre Villsau som
omgrep på utegangarsau av
denne spesielle rasen. Det
offisielle namnet er etter kvart blitt Gammal norsk kortrova sau eller
berre: GAMMALNORSK
SAU Latin:
Ovis brachyura borealis. Naturleg
er det ikkje heilt klårt kva dei gamle røttene er. Vi kjenner sauen frå vestlandsøya Hauglo frå
mellomkrigstida og i 1956 på øya Selbjørn i Austevoll kommune var rasen
på randen av utrydding - vel
100 dyr. Det
er truleg noko over 20.000 dyr i Norge,
8 - 10 000 på Vestlandet og 3
- 5 000 dyr i Trøndelag og på nordlanskysten og nokre kring i landet. Sauene
i Møre og Romsdal er i det vesentlege kome frå Austevoll til Tarva, Sør-Trøndelag
til Edøya, Smøla og derifrå til Aukra og Molde. Andre dyr er kome frå Edøya til Straumsnes og så til
Molde. Denne villsauen er
slett ikkje vill når den blir fora og gjort til venns med, og er det næraste
eit rådyr i sin veremåte og med sitt viltsmakande,
magre kjøtt. Mat gjerne sauene med brød, grønsaker og liknande (alt anna enn mat med sukker i) men
hald hunden i band (!) og
gå ikkje for nære mor og lite lam på våren.
Mork Utegangar - tlf.
913 28 046
|