Småbruket SKOGLUND på Hjelset

Gr. nr 56 og br.nr. 21 og 14.

Her bor:

Som nabo bor:

Borghild    f. 1910
Ingolf         f. 1947  og
Tove          f. 1948
Jan Owe    f. 1972  og
Marit         f. 1975 
Andreas    f. 1999  
Martin       f. 2002

Magnar   f. 1972 og Barbora  f. 1979   bor på Seychellene

Åse     f. 1944     og

Kjell   f. 1945

 

Kristin f. 1971   og

Kjetil   f. 1970

Sigve    f. 1998

Siri       f. 2001   bor på Moelv

 

Stig      f. 1969 bor på Østlandet

                    I bakgrunnen er det beite med gapahuk til foringsplass

Kort historisk innleiing

Magnar Mork frå Hatlen (1910-99) og kone Borghild f. Harstad (1910-) kjøpte 3,3 da av Olaf Berg i 1938 og 1,7 da av Erling Berg i 1942. Samla areal blei 5 da med veg og hus. Våningshuset og eit lite skur vart bygd i 1938-40 og jorda dyrka med handkraft. 

Skuret husa alt i første krigsåret ein sau og i 1947 stod noverande låve ferdig og gav rom for ca 3 - 5 sauer.

I nesten 60 år har det vore sauer på småbruket og i om lag 50 år av desse har skogen aust for bruket vore brukt som beitemark og utmarksslått. I nesten 30 år har det vore ulike former for gjerde til sauene i skogen. ”Skogen” er tidlegare overflatedyrka. Med så liten innmark som 4 da, har denne beitemarka vore sentral i drifta (beite, utmarksslått og lauvkjerr.) 

Magnar (senior) var sterkt fysisk funksjonshemma dei siste åra og døydde 89 år gammal i nov. 1999 etter eitt år på sjukeheimen på Kleive. Det var tid for overtaking og gjennomgang av drifta som til no har vore rein hobby med ein årleg utgift på ca 10.000 kr og utan særlege inntekter. 

Status:

Dotter Åse (1944-) med familie busette seg på naboeigedom i 1976 og sonen Ingolf (1947-) med familie bygde om våninghuset i 1979 – 80 til to-generasjonsbustad. Åse driv eiga verksemd heime innan husflid / vevstove, medan Ingolf har hatt fylkeskommunalt arbeid innan idrett og friluftsliv fram til 31.12.2000.

No arbeider Ingolf i Nordmøre og Romsdal Friluftsråd bl a med UTESKOLE.

Siste fornying av gjerdet i skogen var i 1996 etter muntleg avtale med noverande eigar Ivar Kåre Berg. Samla kostnader for inngjerding av dei ca 20 da beitemark var ca 10.000 kr. I 1998 vart det satt opp ein enkel overbygd foringsplass på ca 12 m2 – med tre veggar og tak der dei nye sauene – utegangarsauene. Foringsplassen er utvida i 2001 til 18 m2 og i 2004 bygd enno ein ny og bedre gjerder og kve.

I 1999 var det 7 lamsauer av utegangartypen (villsau som ikkje er særleg ville) som fekk 9 lam, derav berre to bækrer. Gammalnorsk sau eller gammalnorsk kortrova sau er andre omgrep.

Ved årsskiftet 2000 var det i alt 20 dyr i flokken etter at 6 nye vart kjøpt frå flokken på Hjertøya. Ein av desse er dalasau som får vere ”utegangar” saman med dei andre. Desse fekk i alt 20 lam.

Ved årskiftet 2004 / 2005 er status nær 300 vinterdyr.  Av desse er 75 vaksne heime og 22 årslam – og resten på ulike øyer i Aukra, Frei, Midsund og Molde.   

Sommaren 2004 vart det bygd ny gapahuk i nedre gjerdeområde og påbygg på den gamle med høylager.  Det ga også rom for å bygge samlekve mellom gapahukane.  Praktisk å samle og sortere sauer med gjetarhund.

Sauene og Borghild på haustbeite med Sigvart Aandahl,  2001

 

JORDLEIGEAVTALER

Arealgrunnlag gjennom skriftlege avtaler:

  • 4,2 da Eigen innmark med tilhøyrande låve   56  /  14 og 21
  • 1,9 da Eigen / leigd innmark (i vel 20 år) 56 / 51
  • 20 da Kulturbeite / innmarksbeite (i nær 50 år)    56 / 3
  • 18  da   Sigvart Andahl  56 / 10
  • 2,0 da  Finn Årønes        56 / 15 
  • 6,0 da  Inge Gujord        56 /  2
  • 23 da   Ingolf Berg          56  / 1  innmark
  • 25 da   Ingolf Berg          56 /  1  innmarksbeite og utmark    

                                         = 39 da innmark og 270 da innmarksbeite

  • 18 km2 Berg og Gujord – fjellbeite 56 og 55
  • 700 da Gammalt kulturlandskap - RØSSØYA, Aukra    4  / 2 og 3
  • 700 da Moldeholmane, eigar Molde kommune
  • Bjørnvika, Frei   er i regi av Kolbjørn Næss
  • Magerøya, Midsund er i regi av Rune Magerøy
  • Ny verksemd hausten 2004:  Hollingen – Johan Gjeldvik  p.t.  22 dyr.

(Kystlynghei – det meste røsslyng)

Det blir også hausta LAUVKJERR  og henta TANG frå sjøen.

Økologisk grasproduksjon er starta opp gjennom Gratis Førsteråd for omlegging til økonomisk drift – Midtnorsk Økoring, Tingvoll med besøk medio juli. Det er teke jordprøver og vi har motteke gjødslingsplan (jan. 2001)