SAL OG KJØP AV LIVDYR

Så langt vi kan sjå vil alle hodyr i vårt miljø bli brukt til vidare oppbygging av stammen. I alle høve vil det ikkje vere sal av livdyr av hokjønn frå Aukra - og Molde – miljøet tidlegast om 3 – 5 år.

Når det gjeld sal av bækrar er dette aktuelt etter dei innkjøp og samarbeid mellom dei ulike flokkane vi gjennomførte sist haust. Naturleg nok blir talet på slike sal samla sett låge.

Når det gjeld kjøp av livdyr var det teke eit krafttak sist haust og kjøpt inn over 30 dyr frå ulike hald. Det meste av sparepengane gjekk denne vegen og spørsmålet som kjem er om det kan bli noko ut av dette.

Det kan vere aktuelt å kjøpe inn fleire dyr, noko ein truleg får løyve til frå til dømes Yksnøya, Sandøy og ytre Nordmøre Smøla / Aure.

SAL AV KJØTT

Etter som denne sauen er klårt mindre enn ein ordinær sau, blir talet på kilo kjøtt tilsvarande lav. Eit årslam har (skal ha) vekt 9 – 14 kg ved slakting på hausten. Prisen ein får frå slakteriet om lag 10 kr høgare enn vanlege lam. Dette kompenserer dermed ikkje den lågare vekta. I tillegg er ulla av ein anna og dårlegare betalt kvalitet. I det heile er ikkje utgangspunktet for denne spesielle sauerasen og spesielle magre og viltsmakande kjøttet, slik at dette kan bli noko økonomisk god situasjonen.

Det er så langt ingen grunn til å tru at vidare samarbeid med det ordinære landbrukssamvirke, kan endre dette. Endringa må skje gjennom ein marknad som blir forma av produkta.

På kort sikt kjem ein ikkje utanom slakting på dei vanlege slakteria. Utgangspunktet etter omorganiseringa vil vere Nordmør og Romsdal Slakteri. 

Eit framtidig alternativ kan vere samarbeid med planlagte viltslakteri (t.d. Skeidsdalen / Gjemnes)

Utfordringa knytt til sal av kjøtt er mange, - også det tekniske med å få ordna godkjent slakting av dyr med fell, slik at ein kan få godkjent sal av "raudt kjøtt". På denne måten kan vi ta vare på og vidareutvikle skinnet og andre ressursar til ulike produkt.

Vidare at ein har ei god handtering av andre verdfulle kroppsdelar som hjerte, hovudet, horn og liknande.

Salsapparatet kan neppe bli gunstig nok gjennom det ordinære landbruks -samvirke. Difor er slakting gjennom godkjent slakteri, - ta kjøttet tilbake og så eige sal av kjøtt er aktuelt. Arbeidet blir difor utvikling av avtaler for førehandssal til einskildpersonar og til større parti til spesielle kjeder i hotell og restaurantbransjen.

I vårt samla nettverk vil dette det første året kunne vere 30 – 60 dyr, medan det neste år vil kunne bli det doble. Det er såleis enno tid til å arbeide med salet.

 

Frå Sunnmøre til Aukra

Bækren Attila – konge av guds vrede

- født 1999