RØSSØYA
- AUKRA
Røssøya,
Smågevatnet og Smågeholmane
- eit Paradis på Gossen![]() Prosjekt "VILLSAU"
- Utegangarsau /
RØSSØYA
Scanna frå Båtsportkart R - 822 / utsnitt av Sjøkart nr 33 ref.
Statens Kartverk
Røssøya
er ei halvøy og lagar vestre del av Røssøyvågen der det framleis er
slipp for landsetting av båtar og småbåthamn.
Heile området frå ferja til Sandøy kommune og nordover til og
med Røssøya er eit særs populært friluftsområde.
I sør ligg naturreservatet i Hjertvika, Gossen mest populære
badeplass, og ikkje minst Horrembukta.
Den vestre delen av Røssøya er naturreservat - der ein har
avgrensa ferdsel på ei tid av året på grunn av fuglane og hekking. Det er eit rikt fugleliv på Røssøya og området mot Smågevatnet.
I 2000 var det truleg meir enn 50 rugande grågåspar i området, -
ikkje like populært for gardbrukarane.
I 2004 var det berre få rugande gås.
Årsaken ligg i at sauene har beita ned krattet / buskene/ vier.
Hekkeplassene er med andre ord borte.
Det er spesiell ferdselsgrense i vestre del av Smågevatnet.
I dette vatnet er en i gang med fiskekultivering.
Det
er gjerde over eidet til halvøya, sist sommer endra i sør for å få
bedre avslutning. Båra i
vestvågen øydela gjerdet - i alt 800 m med tre gjerdekliv for dei som
vil gå tur på Røssøya. Turgåarane
vil kunne møte sauene som ikkje er spesielt redde. Nokre av dei vil kunne ete brød frå handa om ein vil.
På
Røssøya er det framleis kystlynghei.
Her er ønskje om rett balanse mellom røsslyng (fornying) og
strandeng.
Desse sauene gjer
denne jobben særs bra.
I
vårt miljø er det vilje og emne til å ta eit tak.
Hovudvertyet er sauene !!!
Men
sauene treng hjelp / styring til å beite på rett stad - dvs gjerding -
og dei treng hjelp for dei tyngste taka:
Hogging
av trær (buskene tek dei sjølv) og på Aukra:
Fjerning av den gamle røsslyngen og einer.
På
Røssøya er denne jobben starta opp i Nørvågen - i skaret inst i bukta
- ei solfylt helling der det også er ein hammar på 10 - 15 m lang og med
2 - 3 m overheng (skjul ?). Vidare
austover i solhellinga er det fleire område ein kan mekanisk rydde for å
auke graset - strandenga.
Det
er meir enn nok vintermat - røsslyng og tang - på Røssøya, medan vårbeitet
med gras er avgrensa. Difor
er det vanskeleg å sette inn fleire dyr enn dei om lag 50 vinterdyra.
Det er feil å samle flokken og ta ut dyr tidleg på våren då dei
er drektige / har lamma. Då treng dei fred.
Samlinga er difor i slutten av mai, og då skal dei aller fleste
har lamma. Vi vil prøve
lyngbrenning vinteren 2005 !
Økonomisk
kartverk av Røssøya - Aukra -
dei 3 skraverte områda er omsøkt for mekanisk rydding
Samlinga
går føre seg frå vest mot aust - inn i steinbrotet ved Larsholmen, der
det er ledegjerde inn mot kve av grinder.
Herifrå er det kort veg inn til småbåthamna i Røssøyvågen.
Samlinga har gått greitt med Kirsti (Moe Oterhals) først med mjølbøtta
og vi andre etter med dei to Border Colliane: April og Ranja.
Drivinga skal gå roleg for seg.
Vi ser no tydeleg beiteteikn på røsslyngen. Men det tok tid: 2 - 3 år. Den gamle lyngen var 0,5 til 0,8 m høg i solhellinga og fleire stader kjem det no opp ny lyng under - lysare på farge og truleg betre mat for dyra
Kystlynghei
på Røssøya i sydhellinga om
lag midt på. Austover
herifrå aukar det på med einer. |