"MOLDEHOLMANE"
Gåsøya
og Seterøya med
Ospholmen
og Brentøya.
I alt ca 675 da.
Prosjekt
"VILLSAU" - Utegangarsau
/ MOLDEHOLMANE" Scanna
frå Båtsportkart R - 822 / utsnitt av Sjøkart nr 33 ref. Statens
Kartverk / Sjøkartverket Hjertøya
er PARADISET på Moldeholmane og der har det vore sau i mange år.
No er det 10 vintersauer der - også dei i paradis av mat - kunne
vore 100 dyr ut frå det ! Sist
sommar fekk vi løyve av Molde kommune å sette ut dyr på Gåsøya og
Seterøya. Med Ospholmen og
Brentøya er dette nær 700 da. Det
vart etter kvart over 60 dyr og etter uttak på hausten og rydding i dei
ulike flokkane vart det 43 vinterdyr på Gåsøya - Seterøya og 8 småbekrar
på Ospholmen. Brentøya
er minst egna for sau - og folk. Kort
sagt er desse øyane skogkledde og så attvokse at ein knapt kan gå på
tvers. Friluftslivet sin bruk
av øyane er båtfolket sin bruk av strandkanten.
Dei mest brukte vikene er Einarvika i sydaust på Seterøya.
Med også litt lengre vest og i sundet mot Ospholmen er mykje
brukt. Det
er berre eitt hus på desse øyene og det er Molde kommune sitt naust med
kai i vika på austsida. Området
er i privat bruk, men blir også brukt av andre når det er ledig.
På nordaustre neset og kring bukta er det store fjellboltar frå
seglskutetida og som er fine å fortøye i.
Erfaringane
etter sommaren med denne saueflokken er at det nesten ikkje vises spor
utanom strandkanten. Ein ny
sti er gått opp på skrå over Seterøya frå Eivindvika til sundet mot
Ospholmen - i diagonal
retning. Dyra går som oftast
i strandkanten i mindre flokkar 10 - 20 dyr.
Stien rundt øyene er blitt tydelegare - også kring Gåsøya.
Det
ligg sjølvsagt att noko saueskit etter dyra, men vi har berre fått
positiv tilbakemelding frå folk sitt møte med dyra.
- NB - pass på hunden !!! Under arbeid historisk stoff om øyene - NB - utkast !!!
VELKOMMEN
TIL
MOLDEHOLMANE
- SETERØYA OG GÅSØYA
Det
er ikkje berre Hjertøya av Moldeholmane som er naturperle, også Seterøya
og Gåsøya blir brukt til friluftsliv, men for det meste til ankring og
opphald i strandsona av småbåtfolket.
Desse to øyene heng fysisk saman i eit smalt sund.
Inne på øyene er det vokse att med tett skog og kratt og er heilt
utan stiar. Her burde det
vore plass til meir folk og dyr. Sommaren
2002 var det sett ut sauer av gammalnorsk rase og desse vil etter kvart
opne kultur- landskapet. Samla
er dette meir enn 600 da. Det
er eit rikt fugleliv spesielt av sjøfuglar.
Også her har gåsa auka sterkt i tal og havørnparet i toppen av
furua på høgste øya ser ut til å trivast. Det
er berre eitt hus - eit sjøhus
med ei enkel trekai i bukta på austsida av Gåsøya.
Her også gamle store fjellboltar frå seglskutetida.
Bukta vart brukt blant anna til karantenehamn.
Fjellgrunnen er ikkje vanleg romsdalgranitt, men med mykje grøn
skifer. Moldeholmane
vart kommunal eige på slutten av 1930-talet.
Holmane har høyrt til Moldegard frå mellomalderen og det var
strid om rettane i perioden 1706 - 09 då amtmann Nobel vann saka og løyste
inn holmane og sidan freda dei. Både
namnet og historia fortel om tidlegare bruk til seterdrift.
Moldegård har truleg dreve vårsetring og det var grasgrønt frå
tidleg om våren heilt opp på dei høgste pyntane.
Terrenget ga god ly mot dårleg ver og dyr og fugl gjødsla for god
vekst. I fjøra fann dyra
tang og andre sjøvokstrar. I
tidlegare år var rovdyr eit stort problem på fastlandet, medan dei var
trygge her ute. I
ein artikkel i Romsdal Sogelag frå 1961 av Peder Vik fortel om synlege
restar av hus og støer etter synfaring i 3. november 1960 saman med
journalist Styrkår Farstad. Dei
fann i alt 6 tomtestader med 1 - 2 tomter på kvar stad.
Dei fleste hadde båtstø knytt til seg.
Dette kan tyde på at fleire gardar har fått nytte dei gode
beiteområda. Desse vart
funne i sydaustre delen av Seterøya inn mot bukta kalla Einarvika - mot
syd. Husa kan ha vore frå i
storleik 3 x 4 m opp til 4 x 8 m.
I dag er dette lite synleg. Merking
og rydding er aktuelt.
Ingolf
Mork, aug. 2002. ref.
Peder Vik i Romsdal Sogelag 1961
|