|
Vinteridyll bak husa på Magerøya 2005 MAGERØYA – MIDSUND Verksemda er ny frå i 2003 og er i regi av Rune Magerøy. Magerøya er ei øy på ca 1000 da
og er landfast med molo og bru til hovudøya Otterøya.
Til kommunesenteret Midsund er det ca 5 km.
Det bor ca 20 personar på øya. Rune arbeider på Midsund Bruk der dei bygger store
spesialtankar i rustfritt stål. Han
har brei yrkeserfaring og finn gode løysingar på dei fleste oppgåver
som skal løysast. Han har
dreve hovudbruket på Magerøya sidan 1982 og hadde 40 vanlege sauer som
gjekk til slakt i 2003. I
staden kjøpte han vår sauerase – Gammal norsk sau - frå Røssøya i
Aukra –
25 livdyr i 2003 og 25 livdyr i 2004 og
med eigen produksjon er det no nesten 90 vinterdyr. På Kvaløya - ca 150 da – går 12 av desse.
Dei vart fanga i fjellet i romjula 2004 med makt av folk og
gjetarhundar etter at eigaren mista kontrollen med dei.
Det er enno 4 dyr hodyr att under Rørsethornet.
Dei har vore ute i 3 år. Rune
såg spor etter dei laurdag 29. januar og vi skal fange dei i løpet av
vinteren ! (sjå
ny melding som vedlegg 20.02.05) Rune
f. 1965
Ole Andreas f. 1988 Marit
f. 1962
Johan Helge f. 1995 Nils Olav f. 1997
Hilmara på besøk med Kvaløya nærast og Midsundet bakom 2004
Foto: fam. Gram Røssøy - dyra er frå Røssøya i Aukra der det er
avla dyr både frå Moldeholmane og frå Aure.
Dei siste 10 frå Nyhamna, Aukra og denne stammen vart bygd opp
frå 4 dyr frå John Arne Brovold, Isfjorden i Rauma. Kvaløya-dyra er frå Smøla og frå Straumnes i
Tingvoll i 2002. MÅLSETTING: 100 vinterdyr på Magerøya 2005/2006 og opp mot 20 på Kvaløya.
ULLSTEIN f. 1998 2
av våre eldste bekrar: Ullstein
(1998) og Odin (1999) er dette året på Magerøya.
ODIN f.
1999
Beite med lynghei og Rørsethornet i bakgrunnen
|