Nokre køyrereglar for utegangar - sauedrift:

Ein flokk må ha viss storleik  -  til dømes minimum  5 dyr.

Utgangspunktet er min. 10 da pr. vinterdyr / vurderast etter bonitet.

Dyretalet bør endrast etter kva påverknad ein ønskjer på vegetasjonen. 

Grupper av dyr på mindre enn 10 dyr (9 hodyr og 1 bekre)gir relativt mykje arbeid og lite att.

Ei flokk på 25 - 30 dyr bør minst 2 bekrar.

Bekrane bør/skal ikkje vere i same flokken meir enn 2 år pga innavl.

Det ser også ut at grupper på meir enn 25 dyr lett deler seg. Ein må difor vente at 40 dyr kan gi   2 – 3 grupper.

Det blir også peika på at ein ikkje bør starte berre med ho-lam. Det vil seie at mor og datter bør settast ut saman for at mora skal ære lammet korleis finne mat og rett mat den første vinteren. Konsekvensen er også at ein bør vere varsam med å sette ut dyr som har vore i sterk vinterforing  i ekstremt klima - ver/snø.

Behov for leskur / gapahuk og ferskvatn (spesielt vår) må vurderast.

Når ein først må fore, bruk jamnleg foring – kvar veke eller kvar dag.

Samling på våren / mai - juni og hausten – i oktober / slakting.

Klipping/napping (vår og haust) og sprøyting for innmarksorm.

Forebyggjande medisin for Sauekrabbe og ikkje minst flått / skogsbjørn må takast alvorleg

Tilsyn har utgangspunkt i kvar veke heile året, god kontakt med dyra er viktig !  Lokkemat er viktig.

Samling med gjetarhund er ein stor fordel på desse spreke sauene. Men sauene må vere kjent med hund og menneskje.