|
GAMMALNORSK SAU
Old Norwegian BIGHORN SHEEP
Molde,
Aukra, Frei og Midsund, Norway
MORK UTEGANGAR
v/ Ingolf Mork
og Åse Paulsen
6450 HJELSET
e-mail:
ingolf@mork.as (hovudadresse)
www.utegangar.no
|
 |
Mork Utegangar er ei verksemd organisert i 1999 då småbruket SKOGLUND
på Hjelset endra hobbybruket frå 5 dalasau til Utegangarsau eller Gammal
norsk sau, også kalla villsau, -
men ville er dei ikkje. Verksemda
er økologisk godkjent (DEBIO).
Vinteren 2005 er status ca
290 sauer, - med ca 100 i heimemiljø – går ute og blir vinterfora,
medan den andre halvparten er på øyer på Aukra, på Moldeholmane, Frei
og Midsund og stort sett greier seg sjølv. Sauene heime går på
fjellbeite om sommaren, medan
på øyane er maten røsslyng, tang og strandeng / gras.
Eit viktig argument i dette
arbeidet er å ta vare på kulturlandskapet. Ute på kysten er det KYSTLYNGHEIA, medan inne i fjordane
tyder det å hindre ATTGROING.
Desse
sauene gjer denne jobben særs bra.
Ingolf
og Odin, Åse og Noa, våren 2002. |
Ullstein er i 2005 i hardt arbeid saman
med Odin på Magerøya i
Midsund.
|
|