BRUK AV GJETARHUND I ARBEIDET MED VILLSAU


Ein av våre to Border Collie - RANJA - 7 veker (år 2000)

Godkjent gjetarhundprøve nov. 2002

 

og søster April ca 6 mnd

Godkjent gjetarhundprøve aug. 2002

 

 

 

 

Nordmøre og Romsdal Gjetarhundlag:

 

Vi har alt erfaring kor rask sauen er og dermed vanskeleg er å fange.  Dette gjeld sjølvsagt dei som går ute på øyane som trengs å fangast 2 gonger i året.  Det same gjeld å få sauene heim frå fjellbeite.

 

Å jage desse sauene på gammaldags vis ved å springe er nyttelaust.  Lokking med kubjelle eller mat gir betre resultat.  Mjøl eller brød verkar godt om dyra er tamme nok og har kontakt ofte nok.  Men det betyr ikkje at dei vil vere med heim.

 

Svaret er difor ein god GJETARHUND !

 

Imidlertid er det ikkje miljø og kompetanse til stades vårt område.  Det næraste er Isfjorden og Vistdal.  Det vil seie at Ytre Romsdal og Nordmøre er utan slikt tilbod.  Etter råd frå Søre Sunnmøre Gjetarhundlag v/ Atle Arnesen, har vi kome i gang med dette arbeidet.  Det er kjøpt minst 4 hundar til Romsdal og Sunnmøre av rasen Border Collie frå Vanylven siste halve året og vi har teke del i heile 8 kurs/ samlingar dei siste to åra.  Ein telefonrunde viser at det er om  lag 20 gjetarhundar i Romsdal og Nordmøre, men det skjer ikkje systematisk trening og opplæring.

 

Vistdals-miljøet er i gang på nytt med Rolf Lange som god fagleg motor.  Dei har gjetarhund treningsbane og tilgang til sauer heile sommaren. 

 

I vårt område har vi berre greidd å få til gjetarhundbane til trening og utan faste avtaler.   Sommaren 2002 var vi oppe på Gujord får å trene.

 

Vi er i gang med å skipe eit GJETARHUNDLAG og vedtekter og medlemskontigent er å finne på desse sidene.  Så får vi sjå - - -

 Border Collie søstrene April og Ranja med mor Tyli (Torstein Ytre, Skjåk) og far Treet's Fjell (Atle Arnesen, Syvde) er uvurderlege når desse sauene skal flyttast eller fangast.  Vi er hundeeigarar i 1. generasjon og manglar alt av kompetanse på område.

Ein spesielt takk til Atle som har vist stor tålmod og vilje til å hjelpe oss i gang og med ei oppfølgjing som neppe har sin like.  Utan han hadde vi ikkje greidd å få til hundane.

Ranja, Andreas, Kjell og April på treningsbanen. Dei svarte bakom er berre på beite, då dei egnar seg lite til å trene unghundar med.

Hilmar Kleppe og Tass frå Frei har trent jamnt heile sommaren.