FOREDLING TIL SALTA, TØRKA OG RØYKA PRODUKT

 

I dei aller fleste verksemder er skilnaden stor i pris frå produsent til forbrukar, ofte ei dobling av prisen. Og til fleire ledd til verre blir dette. Som oftast er det slik at produsentane manglar kompetanse, kapital og kapasitet for vidareutvikling av produkta.

 

I vårt nettverk er det ulike fagfolk som synes utegangarsau er spennande: Kunsthandverkarar, jegerar, biologar, folk innan næringsliv og marknadsføring og andre.

Sal av heile slakt kan vere ein ting, med ein pris som gjer at eit lam kan kome opp i nær 1.000 kr (t.d. 90 - 100 kr pr kilo og 10 - 14 kg). Dyr under 10 kg på hausten bør ikkje slaktast, men fødast over til vårslakt (betre pris) eller til neste haust. Desse dyra er egna til trening av gjetarhund og krev lite arbeid eller for.

Men utfordringa ligg i salting, tørking og evt. også røyking av f.eks. lår, hovud, hjerte.

Dette er arbeid som ikkje krev så mykje investering, salt og ulike køyrell / plastkar og vi har hatt eit enkelt røykeri i mange år.


Sauehjerte      - snacks !

 

Salta, tørka og lettrøyka !

 

Hjertet er delt på langs, vaska, og salta i knapt 1 døgn, skylt godt og hengt til avrenning og tørk i nær romtemperatur i eitt døgn, for vidare tørking i kaldare rom i 2 - 4 veker avhengig av temperaturen og til sist lettrøyking - kaldrøyking i ca 3 timar.

 

Kan henge ei tid etter dette - eller frysast ned til seinare bruk, eller vakumpakkast.

 

Samarbeidspart i godkjent lokale:

ØRE VILT,   Skeidsdalen i Gjemnes kommune

 

Rettleiande pris:  Vakumpakka

kr 250,- pr kg ink. mva. for forhåndssal.

kr 100,- i  vel 1/3 kg - i laussal.


Sauehau      (NB - ikkje smalahovud !)

 

Salta, tørka og lettrøyka av årslam

(yngre enn 10 mnd.)

 

På Nordfjordsvis:   Delt i 2 deler, flådd, vaska, og salta i 3 døgn i saltlake med einebær, skylt godt og hengt til avrenning og tørka i nær romtemperatur i eitt til to døgn, for vidare tørking i kaldare rom i  2 - 4 veker avhengig av temperaturen og til sist lettrøyking - kaldrøyking - i ca 3 timar.

 

Kan henge ei tid etter dette - eller frysast ned / vakumpakkast til seinare bruk.

 

Vatnast ut i minst 1 døgn og dampkokast  i om lag 3 timar.

Det som er "attåt" er viktig.

 

Samarbeidspart i godkjent lokale:

ØRE VILT,   Skeidsdalen i Gjemnes kommune

 

Rettleiande pris (for 2002):     

kr 50,- pr 1/2 hau 

Større parti over 10 dyr kan avtalast særskildt !